Austevoll Kraftlag SA 959254893 55080100 firmapost@aksa.no http://www.akkraft.no/Bestillingsskjema �AUSTEVOLL��HORALAND��REGIONNO2�

Endring av kundeforhold

Skal du flytte inn eller ut? Eller skal du endre rekningsadressa?

Hugs då:

Du er ansvarleg for straumforbruket så lenge kundeforholdet står i ditt namn. Ved tinging og oppseiing som gjeld same anlegg, er det lurt at den som flyttar ut les av straummålaren saman med den som flyttar inn. Austevoll Kraftlag ynskjer at alle avsluttande kundeforhold vert meldt via flyttemeldinga du finn her. Her skal og opplysningar om ny kunde på anlegget fyllast ut. Dette gjeld ved eigarskifte, samt dersom det dreier seg om eit leigeforhold. Ingen endring av kundeforhold vert teken før me får denne signerte meldinga.

Her kan du laste ned skjemaet Flyttemelding. Om du nyttar bank id kan du bestille nettleige her eller om du skal seie opp ei nettleigeavtale kan du gjere det her.

Dersom du er ny kunde hos Austevoll Kraftlag, vil vi få ynskje deg velkomen! Ynskjer du informasjon og søknadsskjema for kjøp av part? Ta gjerne kontakt på telefon 55 08 00 00.

Dersom du flyttar frå Austevoll Kraftlag sitt område, takkar vi for at du var kunde hos oss og ynskjer deg velkomen igjen!

Har du part i Austevoll Kraftlag må denne innløysast eller overførast dersom du ikkje lenger er kunde hos oss.

Hugs at dersom du endrar rekningsadresse må du gje oss beskjed. Ring vårt kundesenter på 55 08 01 00 eller send ein e-post til firmapost@austevoll-kraftlag.no