Austevoll Kraftlag SA 959254893 55080100 firmapost@aksa.no http://www.akkraft.no/Bestillingsskjema �AUSTEVOLL��HORALAND��REGIONNO2�

Produkt/tenester

Vi tilbyr desse kraftprodukta:

GarantiKraft

Garantikraft fylgjer til einkvar tid spotprisen + påslag, men våre innkjøparar gjer prissikringar på kraftbørsen for å unngå dei høge pristoppane. For dette betaler våre kundar ein risikokostnad som normalt ligg mellom 0-3,75 øre/kWh (inkl. mva).

  • GarantiKraft tar utgangspunkt i marknadsprisen, men med moderate svingingar samanlikna med spotavtaler.
  • Din pris fylgjer marknadsprisen når marknaden fell. Målsetnaden er å unngå uventa pristoppar gjennom aktiv forvaltning av ein styringspris.
  • GarantiKraft er Fornybar Energi og er ein garanti for at krafta er 100% vasskraft!
  • Avtala har ingen bindingstid.
Her finn du gjeldande pristak: Pristak 01.10.2018
MarkedsKraft

Markedskraft er eit reint spotprodukt, der straumprisen fylgjer spotmarknaden. Prisen varierer time for time, men vert oppgitt på din faktura som ein gjennomsnittspris per månad.

Fastpris

Vi tilbyr også fastprisavtaler på førespurnad. Her inngår du som kunde ein kontrakt med ein fast pris for ei på førehand avtalt tidsperiode. Kontakt kundeservice for meir informasjon.

Vi tilbyr og eit eget produkt for bedriftskundar:

Austevoll Kraftfond

Mange bedriftskundar ønskjer forvaltning av sine kraftinnkjøp ved at profesjonelle forvaltare foretar innkjøpet og prissikring av kraftportefølja. For å tilfredstille dette behovet har vi utvikla produktet Austevoll Kraftfond

Kva er Austevoll Kraftfond?

Austevoll Kraftfond er eit tilbod til store og mellomstore bedrifter med tilknytning til Austevoll på forvaltning av kraftforbruket. Målsettinga er å oppnå tryggleik og forutsigbarhet rundt innkjøp av kraft uten å gje frå seg moglegheita til å ta del i ein prisnedgang. Kraftforbruket vært kjøpt inn til spotpris med risikostyring. Formålet med risikostyring er å sikre kraftprisar på eit gunstig prisnivå. Forvaltarane foretar innkjøp og prissikring av kraft til porteføljen. Ut i frå forventa utvikling i marknaden vert andelen av kraftportefølja kontinuerlig vurdert.

Fordelar:

Tryggleik og forutsigbarhet rundt innkjøp av kraft.

Kunden si kraftetterspørjing vært handtert av profesjonelle forvaltarar som aktivt følgjer utviklinga i marknaden.

Kraftkjøp og prissikringar vært gjort direkte frå kraftbørsen Nord Pool.

Lokalt eigarskap til portefølja gjennom eit forvaltningsråd (ein representant frå AK og to frå kundane).

Månadsrapportar gjev god oversikt over energiforbruket.

Storkundane har eigen marknadsrådgjevar.

Historiske prisar:

Figuren syner ei oversikt over oppnådd porteføljepris for årets 3 første månader sammenlikna med spotpris og styringspris. Styringspris er ein pris som vært sett med utgangspunkt i marknadssituasjonen på det tidspunkt beslutning om å sikre for ein definert periode vært teke. Alle prisane er inklusive profilkostnad og eksklusiv påslag og offentlege avgifter.

Vilkår:

tillegg til prisen forvaltarane oppnår, kjem eit påslag på 1,35 øre/kWh + eit fastbeløp per anlegg på 20.- kroner per mnd eksklusiv mva. Nye kundar som tiltrer avtala kan liggje i ein oppstartsportefølje.

Kontraktsperiode:

Avtala gjeld inntil vidare med 12 mnd gjensidig oppseiingstid.

Om du vil bestille eller ha meir informasjon, ver vennleg å ta kontakt :

Telefon Marked: 55 08 02 00

E-post: firmapost@austevoll-kraftlag.no